Førre veke var det 43. gong Norway Cup blei sparka i gong i Oslo. Sauda stilte med to gutelag i aldersklassen G14 og G16. Gutar 16 låg på topp etter å ha vunne to av dei tre individuelle kampane i gruppespela og blei kvalifisert til A-sluttspel. Nå var det vinn eller forsvinn. Først møtte dei Erdal/Ask som blei nummer to i ei anna gruppe. Det blei ein lekande lett siger for saudagutane, som vann komfortabelt 8-0. Neste kamp møtte Sauda Os Turn Fotball, som ikkje hadde spelt kamp tidlegare på dagen. Sauda måtte sjå seg slått 4-1, og var dermed ute av turneringa.
– Me reiser heim med flaget til topps, seier Inge Løyning.
Gutar 14 fekk det tøft i gruppespelet der dei møtte duellsterkelag. Gutane hamna sist i gruppa med null skåringar, noko som førte dei til B-sluttspelet. I første kamp kjempa dei seg til siger mot Emblem IL og vann 1-0. Neste kamp var det Hetlevik 2 som stod for tur, og nok ein gong blei det siger til Gutar 14. Draumen om åttandedelsfinale rauk då Sauda møtte Asker, som vann med heile sju mål.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.