*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ØNSKER INNSPEL: Styreleiar i Folkets Hus AS, Sivert Sørnes, er opptatt av at det nye kulturhuset i sentrum skal vere forankra i brukarane sitt syn. Nå håpar han at flest muleg seier meininga si om kva alternativ dei meiner er best. (Foto: Linda M. Lie)

Ønsker stort engasjement frå folket

Avgjerda om korleis Sauda si nye kulturelle storstove skal sjå ut skal takast om drygt to veker. Nå håper styreleiar i Folkets Hus AS, Sivert Sørnes, at innbyggarane seier si meining om dei ulike alternativa til nybygget.

– Vi har gjort oss nokre tankar om korleis vi skal møte målet om å få til eit større engasjement. Fram mot valet av utforming er vi opne for at innbyggarane kan fremme sitt syn og har nå lagt til rette for dette på fleire måtar, fortel Sivert Sørnes, styreleiar i Folkets Hus AS.

20. august skal styret ta ei endeleg avgjerd på korleis Nye Folkets Hus skal sjå ut.

Opprinneleg låg det føre 12 forslag til utforming av det som skal bli eit nytt kulturhus i sentrum. For snautt fire veker sidan blei dei tre finalistane gjort kjent. Løysingane er relativt ulike, særleg med tanke på den utvendige fasaden. I førre veke oppmoda Ryfylke eit utval av saudabuar til å seie si meining om dei tre skissene, og det kom då fram at synet var delt. Sivert Sørnes understrekar at det heile tida har vore ein tanke at innbyggarane skal få høve til å påverke valet av nybyggforslag.

– Det er viktig å få høyre folket si stemme. Likevel, fasaden er ikkje alt. Vi har ein del kriterium som vi må ta omsyn til, presiserer han.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.