MÅLER SNØDJUPDA: Kristian Gauthun (til venstre) og Lars Melbø målte først snødjupda over eit bestemt område, før dei rekna ut snittdjubda. Her frå Kyrkjestølsheia, kor det var eit snitt på 99 centimeter snø. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Førebudd på flaum

Snøsmeltinga er på langt nær over. Saudefaldene har gjort tiltak for å vere mest muleg førebudd om det skulle kome flaum.

På grunn av den store snømengda i saudafjella har Saudefaldene gjennomført sin første snømåling i august månad nokon sinne, heilt sidan dei blei etablerte for 102 år sidan, i 1913. Ryfylke blei med produksjonsplanleggar Lars Melbø og vedlikehaldsleiar Kristian Gauthun ved Saudefaldene på snømåling i Kyrkjestølsheia (omlag 1096 meter over havet) onsdag denne veka.

– Snømengda vi har no svarer til den mengda vi normalt har i første halvdel av juni, fortel Melbø.

For å få ein haustflaum, noko som ifølge Melbø ikkje er usannsynleg, må det store nedbørsmengder til. Under ei normalveke får vi omlag 60 millimeter nedbør.

– Får vi ein lang periode utan nedbør, kan vi vere tilbake til normalen. Det er derfor vanskeleg for oss å anta kor stor flaum-risikoen er, då alt er avhengig av temperaturane og smeltinga framover, seier produksjonsplanleggaren.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.