*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FRAM OG TILBAKE: Egil Aarebrot har hatt permisjon frå jobben ved Eramet for å styre teknisk eining i Sauda kommune. Nå har han gitt sin nåverande arbeidsgivar beskjed om at han ønsker seg tilbake til smelteverket. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Går tilbake til industrien

Egil Aarebrot har sagt opp stillinga som kommunalsjef teknisk i Sauda kommune etter eitt år i jobben.

– Det har vore ei veldig vanskeleg avgjerd. Eg har brukt litt tid i løpet av sommaren på å vege for og imot, men har komme fram til at det rette for meg er å gå tilbake til Eramet, seier Egil Aarebrot som skal jobbe i Sauda kommune ut oktober månad.

Aarebrot overtok jobben som kommunalsjef teknisk etter Anders Skaarer i oktober i fjor. Den nytilsette hadde då fått innvilga eitt års permisjon frå jobben som prosjektingeniør ved Eramet. Egil Aarebrot vedgår at han føler ei sterk tilknyting til smelteverket.

– Og den tilknytinga er vanskeleg å bryte. Eramet står foran ein del nye, spennande prosjekt som eg har lyst til å vere ein del av, forklarer 41-åringen.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.