*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
REKLAMERER: Nils Jarle Sandanger jobbar for å auke interessa for elektriske framkomstmiddel i Sauda og omegn. Torsdag og laurdag denne veka er han på torget for å vise fram produkta til Ehjul. (Foto: Linda M. Lie)

Elektrisk stemning i sentrum

Ehjul etablerer seg i Sauda.

– Eg trur dette er framtida. Spørsmålet er berre kva tid det tar av, seier Nils Jarle Sandanger, som er Ehjul sin representant i Nord-Rogaland, Sunnhordaland og Ryfylke.

I august i fjor etablerte stavangermannen Arvid Gimre Ehjul, ei bedrift som marknadsfører seg som spesialist på elektriske syklar. Firmaet sel elektriske variantar av både vanlege syklar, trail, sparkesyklar og mopedar. Produkta varierer i pris, og ligg mellom 14 000 og 30 000 kroner. Nils Jarle Sandanger forstår at framkomstmidla prismessig ikkje er for kven som helst, men meiner at potensielle kjøparar må sjå på produkta som ei investering.

– For familiar som har ein bil nummer to vil det bli billegare å kjøpe ein el-sykkel. Då får ein råd til ein fin ferie i tillegg, framhevar han.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.