Sparebankstiftelsen Sauda har sidan 2009 støtta allmennyttige formål og delt ut fleire millionar kroner.
– Me har støtta blant anna lag og organisasjonar, men aldri personar på individnivå. Me har sett eit behov for å fokusere på ei ny målgruppe, seier Sivert Sørnes, leiar av Sparebankstiftelsen.
Derfor har stiftelsen bestemt at dei opprettar eit årleg stipend for ungdommar opp til 25 år, og som er ferdig med ungdomsskulen.
– Me håpar at eit stipend kan vere med på å motivere ei vidareutvikling av talent. Det kan vere innan sang, musikk, idrett, forskning eller annan kultur, seier Sørnes.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.