– Saka er kompleks og har gått over fleire år. Eg synest det blir feil å gå inn på argumentasjonen vår nå før rettsaken startar. Saka skal behandlast og det er opp til dommaren kva utfall vi får, kommenterer direktør ved Saudefaldene, Svein Ilstad.
I 2000 signerte Saudefaldene og Statkraft ein leigeavtale som inneber at førtsnemnde får disponere kraftverk og fallrettar i samband med Saudautbygginga. Avtalen varer til utgangen av 2030 og var bygd på forutsetningar som blei vedtatt i ein eigen stortingsproposisjon i 1999. I 2008 vedtok Sentralskattekontoret at Statkraft var skattmessig eigar av Dalvatn, Sønnå Høy og Sønnå Lav kraftverk. Statkraft klaga på vedtaket som omhandla Sønnå Høg, noko dei fekk medhald for i 2011. Skattesentralkontoret meinte då at det var Saudefaldene som skulle skatte for dette kraftverket.
– Då tok vi ut søksmål mot vedtaket, fortel Svein Ilstad.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.