*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KVIÅ: Eramet vil utvida deponiet sitt på Kviå, ved Vanvikvegen (tidlegare Maldalsvegen, red.merkn), fire kilometer sør for Sauda. Prosjektleiar Rolf Tore Valskår håpar at miljødirektoratet godkjenner planane om dobbel botntetting og nytt avansert reinseanlegg. (Foto: Ingvil Bakka)

Eramet vil ha nytt avfallsdeponi

Nåverande avfallstipp på Kviå oppfyller ikkje dagens miljøkrav.

– Det deponiet me bruker i dag har bare ein plastmembran som botntetting og tilfredsstiller dermed ikkje dagens krav om dobbel botntetting. Det nye deponiet vil ha dette og vil også ha eit reinseanlegg nedstraums, forklarer Eramet sin prosjektleiar Rolf Tore Valskår.

Det planlagte reinseanlegget vil reinsa sigevatn frå både det nye deponiet og dei eldre deponia i Kviå-området.

Ifølge kunngjeringa som Miljødirektoratet har sendt ut på høyring er avfallet Eramet ønsker å deponera karakterisert som farleg avfall. Avfallet er avvatna røykslam og inneheld mangan, silisium, kaluim, PAH, bly og sink. Dei siste to-tre åra har deponiet på Kviå i Sauda også tatt imot avfall frå søsterbedrifta i Porsgrunn.

– Dette fordi Eramet ønsker å samla deponia sine. Det er eitt i Kvinesdal, medan Sauda og Porsgrunn har eitt felles, forklarer Valskår.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her