KJØPTE GEITER: Svein Ivar Rosnes og ein annan hytteeigar fekk ideen om at geiter kunne brukast som torvtak-vedlikehaldarar. (Foto: Frank Waal)
KJØPTE GEITER: Svein Ivar Rosnes og ein annan hytteeigar fekk ideen om at geiter kunne brukast som torvtak-vedlikehaldarar. (Foto: Frank Waal)

Kjøpte grasklippar med horn

Hytteeigarar i Svandalen fann løysinga på korleis dei skulle klippe torvtaka.

Mange av hyttene ved Sauda Skisenter har torvtak. Men torvtaka må vedlikhaldast. Å dra ein grasklippar opp på taket er lite praktisk. Balansere rundt med ein kantklippar eller hjå frister ikkje.

– Me spleisa på eit par geiter. Fantastiske dyr. Dei et alt, seier Svein Ivar Rosnes.

To afrikanske fjellgeiter blei kjøpt inn. Nå skal dei gå rundt på hyttetaka og halda dei vedlike.

– Det er eg og ein hyttenabo som kjøpte dei. Men dersom det er andre som vil låna dei er det heilt i orden, seier den ferske geiteeigaren.

Han trur dei to geitene vil bruke rundt to veker på å «klippe» eit tak.

Men sidan Rosnes bur i Stavanger, måtte han alliere seg med ein grunneigar.

– Eg kan ikkje ha ansvar for geitene når eg bur i Stavanger. Me betalte dei og grunneigaren disponerer dei, opplyser Rosnes.

Det er Ola Djuv som har tatt på seg ansvaret for geitene.

– Det er bare å ta kontakt, så kan andre hytteeigarar låne dei også. Men eigarane vil ha førsteprioritet, sjølvsagt, seier Djuv.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her