Bensinstasjonen Esso i Sauda sette i fjor ny rekord både når det gjeld driftsresultat og når det gjeld omsetning. Sauda Bilservice, som aksjeselskapet heiter, omsette i 2014 for 35,5 millionar kroner. Dette er halvannan million kroner meir enn i 2013.
Driftsresultatet var på 2,5 millionar kroner, noko som er nær ein million kroner meir enn året før.
Selskapet er heileigd av Leif Arne Halleraker. Saudabuen har gradvis gjennom mange år vidareutvikla bedrifta, som han overtok etter far sin. Rekneskapstala viser nå at Sauda Bilservice er økonomisk svært solid. Samtlege rekneskap frå 1998 har vore positive. Dei siste ti åra har driftsresultatet låge på i overkant av ein million kroner. I fjor bikka selskapet to millionar kroner i overskot for første gang, og med god margin.
Eigenkapitalen i selskapet var i 2005 på 1,3 millionar kroner. Sidan har eigenkapitalen blitt styrka jamnt og trutt. I 2013 var den på 5,7 millionar kroner. I fjor var eigenkapitalen 7,1 millionar kroner.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her