*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
LOKKAR IKKJE NOK: Sauda er idyllisk, særleg på godvêrsdagar som i det siste. Likevel, fleire flyttar ut enn inn av bygda, noko som vitnar om at utsjånaden ikkje er nok i jakta på innbyggarar. (Foto: Linda M. Lie)

14 personar færre

Befolkingsutviklinga i Sauda går framleis i negativ retning. Kommunen har «mista» 29 innbyggarar på eit halvt år.

– For kvar innbyggar færre vi blir tenker eg at vi er eit steg nærmare at eit tilbod blir lagt ned. Men vi er ikkje i nærleiken av det enda, kommenterer ordførar i Sauda kommune, Frode Sulen.

Då Statistisk Sentralbyrå la fram statistikk for folkemengd og befolkingsendringar i årets første kvartal blei det klart at Sauda hadde det lågaste folketalet sidan 2011. I løpet av dei tre første månadene hadde talet på innbyggarar i Sauda gått ned med 15 personar. Folketalet i 2. kvartal er ikkje meir oppløftande. Ved inngangen på juli hadde talet på innbyggarar gått ned med ytterlegare 14 personar.

– Dette er stikk i strid med det vi har jobba mot og for. Vi står på for å gjere Sauda attraktivt for potensielle innflyttarar. Omstillingsstyret har retta fokus mot sentrumsutvikling og vi har Bulystprosjektet og årlege romjulssamlingar for dei som har lyst å flytte heim. Og eg veit at det er mange som vil bu her. Utfordringa er som alltid arbeidsplassar, og ofte gjeld det ein jobb nummer to, vedgår ordføraren.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her