Jan Nordbø, Kløver Hotel
Jan Nordbø ved Kløver Hotel har inngått ein større avtale med Stangeland Maskin under utbygginga. Sistnemnde treng overnattingsplassar til sine mange arbeidarar på anlegget. Foto: Frank Waal.

Bygger hotellet stein for stein

Jan Nordbø tar sjeldan ferie og aldri utbytte. Kløver Hotel går jamnt i pluss.

14 hotellrom har gjennom fleire år blitt til 50. Bare dei to siste åra har Jan Nordbø investert 12 millionar kroner i Kløver Hotel, som i tillegg til hovudbygget også har restaurerte utleigerom i eit par nærliggande bygg.

Utgangspunktet for denne artikkelen kunne har vore at overnattingsbedriftene i Sauda hadde eit tungt år i 2014. Sauda Fjord Camping hadde eit driftsunderskot på 28 000 kroner i fjor. Sauda Fjord Hotel gjekk akkurat i null. Driftsselskapet til Kløver Hotel gjekk også i null i 2014, men bak dette talet ligg ein del investeringar.

– Eigentleg er eg kjempefornøgd med fjoråret, seier Jan Nordbø.

Kløver Hotel med omliggande bygningsmasse består av tre selskap: driftsselskapet Kløver Hotel AS og dei to eigedomsselskapa Kløver-Eiendom og Nordbø Eiendom. Totalt enda dei tre selskapa med eit driftsresultat på 1,2 millionar kroner i pluss.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her