– Det er forferdeleg trist at nokon kan få seg til å gjera noko slikt. Dette vil me sjølsagt anmelda, seier kommunalsjef teknisk Egil Aarebrot.
Bak bysten av William Henry Sneath, i parken som oppkalla etter han, har det stått ei rekke med fem høge og majestetiske grantre. I natt, natt til laurdag, har vandalar med motorsag sagd ned to av trea. Eit tredje tre er så skadd av saga at kommunen sine tilsette blir nøydde for å saga også dette ned.
– Det er såpass øydelagt at ein kan risikera at vinden tar det. Då er det sikrast å saga det ned, forklarer kommunal saksbehandlar og brannmeister Harald Eikrem, som var på staden i dag, laurdag føremiddag.
Verksdirektør ved Eramet Norway Sauda, Kåre Bjarte Bjelland, blir forskrekka og innrømmer at det gjer vondt når Ryfylke fortel om vandalismen i parken som blei laga av smelteverket i si tid.
– Me har ingenting med parken å gjera i dag, men me har vore med på diverse opprustningsarbeid og er sjølvsagt interessert i at det er fint i parken, seier han.
Han fortel at parken var nøye konstruert då den blei laga under oppbygginga av Åbøbyen, i første halvdel av 1900-talet.
– Det var ikkje tilfeldig kor trea stod eller kor mange dei var. Dette er bare trist, seier Bjelland.
Kommunalsjef Egil Aarebrot seier at kommunen, som har ansvaret for parkanlegget, nå vil vurdera kva ein skal gjera med dei resterande to trea.
– Me må sjå kva me skal gjera for å få ein heilskap i parken igjen, seier han.
Han oppmodar folk som veit noko eller som kan ha sett eller høyrt noko om vandalismen om å melda frå til dei eller politiet.
Nedsaginga skal ha skjedd i 02-tida natt til laurdag.