*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VINNARPROSJEKTET: Styreleiar Sivert Sørnes og kultursjef Åshild Marie Øverland er einige om at Opus og Ratio sitt toetasjers tilbygg med delvis glasfasade er både det beste og det mest økonomisk sikre for Sauda.

Slik blir kulturhuset

Samarbeidsprosjektet til Opus og Ratio vann arkitektkonkurransen.

– Opus og Ratio har dei klart beste planløysingane og romprogramma. Dei har også ein fasade som ikkje blir for dominerande, og som går i ein stil som harmonerer med nærliggande bebyggelse. Me meiner også at deira forslag er sikrast med tanke på å halda kostnadene innanfor budsjettrammene, forklarer Sivert Sørnes, styreleiar i Sauda Folkets Hus AS.

Torsdag i sist veke fall avgjerda i styret, etter at dei to evalueringsgruppene hadde levert inn sine innspel i saka. Tre arkitektforslag kjempa om å få teikna det planlagte tilbygget til Folkets Hus, som skal bli Saudas nye kulturhus.

Både gruppa som vurderte arkitektur, kulturminnevern og logistikk og gruppa som såg på tekniske løysingar, kostnadskontroll, gjennomføringsplanar og honorartilbod var einige om at Opus og Ratio hadde den beste løysing for Sauda.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her