I tre generasjonar har Selvig-familien drive klesbutikk i Sauda sentrum. Firmaet Alf Selvig AS blei etablert i 1933.
– Det er trist og tragisk, men det har blitt for tungt å drive butikken økonomisk, seier dagleg leiar Steinar Selvig.
I juni varsla han dei tilsette at han ville avslutte drifta, men dei har venta med å offentleggjøre avviklinga til nå på grunn av haustnyheiter som hadde kome i butikken. Totalt har butikken 3,7 årsverk fordelt på fem tilsette.
Steinar Selvig legg ikkje skjul på at han synest det er veldig tungt å snakke om at familiebedrifta nå skal opphøyre.
– Det er med stor sorg for alle oss her på butikken, og i vår familie, at me informerer om dette. Men butikken har blitt for utfordrande å drive. Det har slite på meg 24 timar i døgnet over lang tid. Det har gått på helsa laus, seier Steinar Selvig, som beklagar nokre kvite løgner dei har tydd til dei siste to månadene.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her.