Ettergav sjokkrekninga til idrettslaget

Politikarane angrar på at dei vedtok å ta betalt for barn og unges bruk av Saudahallen.

– Me er naturlegvis veldig fornøgde med vedtaket til formannskapet. Me hadde store utfordringar med å finna pengar i budsjettet til denne uventa kostnaden, seier Vibecke Håheim, leiar i Sauda idrettslag.

Då det kommunale budsjettet for 2015 blei vedtatt i fjor haust var betalingssatsane i Saudahallen eit av tiltaka som blei lansert for å skaffa meir inntekter til kommunen.

Budsjettvedtaket førte til at leigeprisane for dei mange lokale laga som bruker idrettshallen auka med 30 prosent. Aktivitetar som engasjerte barn og unge under 18 år, skulle derimot få halv leige.

Endringane førte til at Sauda idrettslag ville få ei meirutgift på 150 000 kroner i året – utgifter som på dette tidspunktet ikkje var lagt inn i det alt vedtatte budsjettet deira.

– Me har gjort oss nokre tankar om korleis me skulle fått dekka inn desse utgiftene, men det var ikkje lett. Men samtidig både håpte og trudde me at politikarane ville høyra på oss, vedgår Håheim.

Då formannskapet diskuterte saka onsdag denne veka var det tydeleg at politikarane hadde lytta til dei ulike laga sine frustrasjonar og såg på saka med nye auger.

Arbeidarpartiets Laura Seltveit synest det var uheldig at budsjettvedtaket blei gjort utan at idrettslaget blei tatt med i diskusjonen. Ho påpeika at fritidstilboda til barn og unge er viktig førebyggande arbeid.

– Me føreslår å ettergi leiga i Saudahallen og at det heller blir avsett tilsvarande mindre beløp til disposisjonsfond, sa Seltveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her.