– Me forventa ein framgang, men dette var jo betre enn me hadde håpa på. Dette gir oss viktig motivasjon framover, seier Asbjørn Birkeland, ordførarkandidat for Sauda Senterparti.
Norfakta Markedsanalyse gjennomførte i sist veke ei politisk meiningsmåling i Sauda, på oppdrag frå avisa Ryfylke.
Tala gir Senterpartiet ei oppslutning på heile 29,4 prosent, over 20 prosentpoeng meir enn dei hadde ved sist kommuneval. I dag har partiet to representantar i kommunestyret. Blir det endelege valresultatet neste måndag i tråd med meiningsmålinga, vil partiet få inn heile fem representantar.
I Sauda har den største ordførar-debatten handla om Arbeidarpartiets Asle Rafdal og Høgres Knut Atle Seim. Frå Senterpartiet har det derimot blitt signalisert ei sterk tru på at også dei har ein svært reell mulighet til å få ordføraren.
Nå viser meiningsmålinga at partiet har rett i sin optimisme. Blir valresultatet som meiningsmålinga tilseier, blir Senterpartiet større enn Høgre.