*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
STEMTE PÅ SP: Erika Skår (til venstre) og Emma Selvig, begge elevar ved ambulanselinja, stemte på Senterpartiet då dei i dag, tysdag, gav sine stemmer ved skulevalet 2015. (Foto: Ingvil Bakka)

Skulevalet i Sauda: Knepen siger til Arbeidarpartiet

Med Senterpartiet hakk i hæl.

– Siger er siger. Elles er det kjekt at Arbeidarpartiet får oppslutning blant dei unge. Me har mange saker som fenger undommen, samtidig som me har ein god ungdomsorganisasjon, seier ein fornøgd Asle Rafdal, ordførarkandidat for Sauda Arbeidarparti.

Resultata etter dagens skuleval blei klare nå i ettermiddag, tysdag. Elevane i Sauda kunne stemma på lokalpartia i Sauda og på alle partia som stiller fylkestingslister. Elevane ved avdelinga på Sand stemte på suldalspartia og fylkespartia.

Arbeidarpartiet fekk flest stemmer i alle fire kategoriane. I ”Sauda-valet” fekk partiet 70 stemmer, noko som utgjer 29,9 prosent av stemmene. Like bak følger Senterpartiet med 68 stemmer og 29,1 prosent av stemmane. Høgre, som kom på tredjeplass i Norfakta og Ryfylke si nylege meiningsmåling, er tredjebest likt også blant elevane ved den vidaregåande skulen si avdeling i Sauda. Partiet fekk 44 stemmer, ein prosentdel på 18,8.

Ved skulevalet i 2011 vann Arbeidarpartiet ein overlegen siger, med 34,5 prosent av stemmene. Framstegspartiet landa då på 21,3 prosent, medan Høgre og Sosialistisk Venstreparti delte tredjeplassen med kvar sine 9,1 prosent av stemmene. Senterpartiet fekk den gong 8,4 prosent ved skulevalet.

Les meir om skulevalet 2015 i papirutgåva fredag.