*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TRUR PÅ SAUDA: Stortingspolitikar Bente Thorsen har god tru på at Tore Johan Prestegård og hans lokale partfeller greier å stilla liste ved kommunevalet om fire år. Bak står Stein Flom-Jacobsen, nestleiar i Kvitsøy FrP og listekandidat nr. 33 på partiet si fylkestingsliste.

Men FrP var ikkje død

Sauda Framskrittsparti førebur seg på ein fire år lang valkamp.

– Det var folk som meinte det var best å legga ned lokalpartiet, men det ville ikkje vore bra. Nå har me nyleg fått på plass eit nytt styre og me vil jobba framover for å gjera oss synlege i Sauda, seier Tore Johan Prestegård, leiar av Sauda Fremskrittsparti.

– Så det blir ein fire år lang valkamp?

– Hehe, ja, faktisk, smiler Prestegård.

Etter tre periodar i kommunestyret greidde ikkje Sauda Fremskrittsparti å stilla liste ved kommunevalet komande måndag. Men lokalpartiet legg ikkje inn årane av den grunn. I valkampens innspurt hadde dei denne veka besøk av stortingspolitikar og partikollega Bente Thorsen, frå Karmøy.

– At Framstegspartiet ikkje greidd å stilla valliste i Sauda var skuffande. Partiet har gjort det godt her, kanskje spesielt ved fylkesvala. Sauda Fremskrittsparti har og har hatt engasjerte og oppegåande folk som ser at det er nødvendig og gjera andre grep til beste for Sauda, seier ho.

Les meir ipapirutgåva eller last ned eavis her