Fire elevar skadd i steinsprang

Fire elevar frå Villmarksklassen til Sauda vidaregåande skule har blitt skadd av steinsprang i Kvinnherad. Ingen skal vere livstrugande skadd.

Det var klokka 12.21 i dag at politiet blei varsla om ei ulukke i fjellområdet mellom Uskedalen og Valen i Kvinnherad kommune.

– Fire elevar har blitt treft av eit steinsprang. Ein person er transportert ut med luftambulanse, tre personar ventar på å bli henta ned frå fjellet, opplyser politioverbetjent Sigurd Børve ved Kvinnherad politidistrikt.

Også Sauda vidaregåande skule stadfester at fire elevar er skadde og at dei pårørande er varsla.

Ifølge Hovudredningssentralen i Sør-Norge er ein av elevane frakta ut med helikopter. Ein av dei skadde er i stand til å gå sjølv, medan to elevar treng båre for å bli frakta ut.

– På grunn av tåke får me ikkje henta ut dei tre andre med helikopter. Røde Kors og lokale kjentmenn er på veg, og helikoptera ventar ved foten av fjellet, seier politioverbetjent Børve.

Området elevane er i skal vere i 1 200 meters høgde, ifølge politiet.

Rektor Oskar Waage-Pettersen ved Sauda vidaregåande skule opplyser følgande til avisa Ryfylke.

– Det er ein villmarksklasse som er på tur. Fire elevar er skadde. Dei har fått ein stein over seg. Det er viktig å presisere at det ikkje er livstrugande skader. Me har fått informasjon om at dei skadde har blitt frakta ut med helikopter, opplyser rektor Oskar Waage-Pettersen.

– Me veit i grunnen ikkje meir. Læraren som ringte og fortalde om hendinga verka rolig, og me jobbar vidare med saka, seier Waage-Pettersen.