INNGJEKK AVTALE: Frå venstre: Kristian Landro (KrF), Asbjørn Birkeland (Sp) og Asle Rafdal (Ap) har blitt einige om korleis posisjonane skal fordelast dei neste fire åra. (Foto: Even Emberland)
INNGJEKK AVTALE: Frå venstre: Kristian Landro (KrF), Asbjørn Birkeland (Sp) og Asle Rafdal (Ap) har blitt einige om korleis posisjonane skal fordelast dei neste fire åra. (Foto: Even Emberland)

Rafdal blir varaordførar

Asbjørn Birkeland blir ordførar, Asle Rafdal blir varaordførar og KrF får ein plass i formannskapet.

Senterpartiet har blitt einige med Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti om eit valteknisk samarbeid.

Senterpartiet var i posisjon til å kunne kreve å få både ordførar- og varaordførarstolen, men har valt å ta to parti med seg i samarbeidet.

– Me vil ha eit breitt fleirtal og gode forankra vedtak. Derfor har me inngått denne avtalen med Ap og KrF, seier Asbjørn Birkeland.

Han kan opplyse at Senterpartiet tok eit internmøte seint i går kveld før dei kontakta Ap og Krf.

– Me forhandla i natt og møttes på nytt i dag og blei einige. Me har ikkje forhandla om politiske saker. Kun om posisjonar, seier Birkeland.

Asle Rafdal er fornøgd med at dei tre partia har blitt einige, sjølv om han hadde ønska at valresultatet blei eit anna.

– Me er overraska over valresultatet, men me må berre gratulere Senterpartiet, seier Rafdal.

Varaordføraren for dei fire neste åra opplyser at Ap og KrF har hatt eit samarbeid dei siste 12 åra og at han synest avtalen dei inngjekk i dag derfor er naturleg.

– I tillegg har Asbjørn Birkeland, Kristian Landro og eg god personkjemi. Det er viktig for eit samarbeid, seier Rafdal.

Kristeleg Folkeparti sitt nyvalde kommunestyremedlem, Kristian Landro, vil bli fast medlem i formannskapet dei neste fire åra. Utan samarbeidet med Sp og Ap, ville KrF stått utanfor formannskapet.

– Det er me godt fornøgd med, seier Landro.

Dermed vil det nye formannskapet i Sauda bestå av tre representantar frå Sp, to frå Ap, ein frå KrF og ein frå Høgre.