NY ORDFØRAR: Asbjørn Birkeland blir Saudas nye ordførar etter eit brakval måndag. (Foto: Privat)
NY ORDFØRAR: Asbjørn Birkeland blir Saudas nye ordførar etter eit brakval måndag. (Foto: Privat)

Sjokksiger til Sp

Sauda Senterparti får truleg ni av 19 representantar i kommunestyret.

Med 99,7 prosent av grovtellinga av kommunevalet i Sauda er det klart at Senterpartiet har gjort eit sjokkval i Sauda. Heile 44,5 prosent av stemmene ligg partiet an til å få. Det gir ni av 19 representantar i kommunestyret.

Arbeidarpartiet ligg an til å få 28,2 prosent av stemmene. Det gir i såfall fem representantar, noko som er fire representantar ned frå dagens ni representantar i kommunestyret.

Høgre blir det tredje største partiet med 16,0 prosent av stemmene. Det gir tre representantar i kommunestyret, noko som er ein representant ned frå kommunevalet for fire år sidan.

Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti er begge inne med ein representant kvar i kommunestyret. KrF ligg an til å få 5,1 prosent medan SV ligg an til å få 3,9 prosent. Begge partia har ein representant i det sittande kommunestyret.

Venstre ligg an til å ryke ut av kommunestyret. Partiet har 2,3 prosent av stemmene. For fire år sidan fekk partiet inn ein representant.

Med dette valresultatet blir Asbjørn Birkeland ordførar i Sauda. Sp treng berre å inngå samarbeid med eitt parti for saman å sikre fleirtalet i kommunestyret.

Siste: Klokka 22.27 er 100 prosent av stemmene opptelte. Mandatfordelinga er lik, men prosenttala er justert minimalt: Sp 44,7. Ap 28,2, H 15,8, KrF 5,1, SV 3,9 og V 2,3.