– Med den nye barnehagen skal Sauda kommune klara å ta imot nye ungar til ei kvar tid, seier Jakob Svandal, seier kommunalsjef oppvekst og kultur.
I sist veke begynte arbeidet med å rigga til for anleggsperioden, som vil vara fram mot ettersommaren neste år. Det nye barnehagebygget i Åbøbyen vil vera på 1 030 kvadratmeter.
I tillegg vil barnehagen ha eit uteområde på omlag seks mål. Den nye, store barnehagen vil ha fem avdelingar, med plass til 80-95 barn. Talet vil variera ettersom kor mange småbarn det er i barnehagen.
– Viss alt går som planlagt vil me sjå at bygget vil begynna å reisa seg i løpet av november i år, seier kommunalsjef teknisk, Egil Aarebrot.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her