Solfrid Handeland er i dag både leiar av Kundetorget og formannskaps- og kommunestyresekretær i Sauda kommune. Som sekretær har ho ansvar for alt som har med møteinnkalling, sakskart og protokollar å gjera i samband med politiske møte. Ho møter fast i både kommunestyret og i formannskapet.
Solfrid Handeland er gift med Ivar Johannes Handeland, som stod på fjerdeplass på Sauda Senterparti si valliste ved kommunevalet måndag i sist veke. Etter at Senterpartiet gjorde eit brakval i Sauda er Ivar Johannes Handeland valt inn som fast kommunestyrerepresentant. Det nye kommunestyret skal konstituerast onsdag 7. oktober.
Rådmann i Sauda, Wictor Juul, vedgår at kommunen har vurdert habiliteten til Solfrid Handeland.
– Me har diskutert dette, men kan ikkje sjå at dette er problematisk på noko vis. Solfrid Handeland skriv protokollar etter møta, men alle protokollar skal kvalitetssikrast og godkjennast av politikarane i neste møte. Dessutan er det ordførar som er ansvarleg for protokollane, påpeikar Juul.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her