Opprørt over Lego League-kutt

Fløgstad skule droppar årets deltaking.

– Det er visst for få lærarar. Det er jo ganske dumt at det skal gå ut over oss, seier Rebekka Ringstrand.

Det var fire opprørte tolvåringar som troppa opp på Ryfylke onsdag etter skulen. Rebekka Ringstrand, Sofie Lucas, Karen Nes Rasmussen og Frida Fløgstad går alle i sjuande klasse ved Fløgstad skule.

Barneskulen i Åbøbyen har i ei årrekke deltatt i konkurransen First Lego League. Det er elevar i sjuande klasse som har fått bli med på konkurransen. I skuleår med få interesserte sjuandeklassingar har sjetteklassingar også fått tilbodet.

I fjor fyllte sjuandeklassingane opp alle plassane. Derfor var det ekstra sårt at når sjansen endeleg kom til klassen til Rebekka, Sofie, Karen og Frida er det nå bestemt at skulen ikkje har ressursar til ei deltaking i år.

– Me har gleda oss heilt sidan me gjekk i tredje klasse. Me har sett kor kjekt dei andre har hatt det når dei har jobba med eit slikt prosjekt, seier Karen.

Det var rektoren sjølv som informerte sjuandeklassingane på onsdag. Då måtte skulen og lærarkreftene innsjå at det ikkje lar seg gjere.

– Me har snudd veldig mange steinar og jobba mykje for å få det til, men det blir ingenting i skulens regi. Eg er ikkje i tvil om at det er ein veldig god måte å jobbe på for elevane, men det er viktig for oss at det blir tilført ein ekstra lærar for å sikre at utbyttet til elevane blir bra. Og dei ekstra ressursane det krev klarer me ikkje å fristille, forklarer rektor Anne Vikeså Solbakken.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her