Tom Anonsen stod opp grytidleg for å få med seg det spesielle himmelfenomenet måndag morgon. Biletet er tatt ved Vetrhusvatnet.  (Foto: Tom Ånonsen, Saudafoto)
Tom Anonsen stod opp grytidleg for å få med seg det spesielle himmelfenomenet måndag morgon. Biletet er tatt ved Vetrhusvatnet. (Foto: Tom Ånonsen, Saudafoto)

Fotograferte ”blodmånen»

Mens Sauda sov sat Tom Ånonsen ved Vetrhusvatnet og tok bilder av månen.

– Eg hadde verkkarklokka på, og det var bare så vidt eg orka å stå opp. Men eg tenkte det var verdt eit forsøk, seier Tom Ånonsen.

For første gong sidan 1964 var det grytidleg måndag morgon supermåne og total måneformørkelse samtidig i Norge. Ein supermåne er eit samantreff av ein fullmåne med den minste avstanden mellom Jorda og månens elliptiske bane.

Tom Ånonsen stilte klokka og stakk opp til Vetrhusvatnet i 03.45-tida. Han fortel at han begynte å ta bilder rundt klokka 04.15.

– Eg var heilt åleine. Det var ikkje mykje liv der, seier han.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her