Bak, frå venstre: Svein Inge Eriksen, Børge Negård, Jan Atle Eriksen, Vegard Ness og Kari Synnøve Handeland . Framme, frå venstre: Brede Svendsen, Ann Helen Tveitane, Marit Vassli og Synnøve Haraldsen. (foto: Ingvil Bakka)

Saudas beste boccia-spelarar

Når helsesportlaga møtest til vennetreff er alle vinnarar.

– I boccia skal me prøva å få kulene våre nærast muleg den kvite kula. Og så må me prøva å slå vekk kulene til motstandarlaget, forklarer Brede Svendsen, den yngste blant dei ti aktive bocciaspelarane i Sauda Helsesportlag.

Helsesportlaga i Sauda, på Sola, Karmøy og Randaberg samlar seg til vennetreff fire gonger i året. Denne helga var det Brede og hans lagkameratar som hadde heimebane, i Saudahallen.

Her blei det spelt heile 90 kampar i boccia og 21 i curling. Sauda stilte med tre lag i boccia og eitt i curling – sjølv om Sauda aldri trener curling.

– Boccia er litt vanskeleg. Iallfall vanskelegare enn det ser ut for, seier Ann Helen Tveitane, som med sine 51 år er eldst i saudagjengen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her