Heilomvending for Lego League

Stor jubel etter at sjuandeklassingane ved Fløgstad skule likevel få delta i kunnskapskonkurransen.

– Bra at foreldre engasjerte seg slik at det ordna seg, seier Rebekka Ringstrand fornøgd.

Tysdag denne veka kom kontrameldinga frå skuleleiinga ved Fløgstad skule: Dei 18 elevane i sjuandeklasse får likevel delta i kunnskapskonkurransen First Lego League.

Elevane, som hadde gledd seg i fleire år, var knust då manglande ressursar gjorde at skulen avlyste årets deltaking.

Rektor Anne Vikeså Solbakken er også strålande fornøgd over heilomvendinga i saka. Ho fortel at eit stort engasjement frå fleire partar har bidratt til at skulen nå klarer å delta i konkurransen.

– Heilt fantastisk med så greie og positive aktørar. Veldig kjekt at elevane nå likevel får vera med på First Lego League, som det ligg mykje god og viktig læring i. Det sat langt inne å avlysa, derfor er det så supert at det ordna seg, seier ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her