– Først må me vurdera om tilboda er kvalifiserte. Tilfredsstiller dei krava våre er sjansen stor for at det blir nye asylmottak i dei kommunane det er søkt om. Me har eit stort behov for nye mottaksplassar, innrømmer regiondirektør i UDI, Atle Berge.
Utlendingsdirektoratet treng 7 500 nye mottaksplassar i Norge. Torsdag 1. oktober gjekk fristen ut for den landsomfattande anbodskonkurransen.
Målet til UDI er at regionkontoret i vest skal skaffa 1 500 mottaksplassar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, fordelt på ti mottak.
I søknadsbunka ligg forslag om nye asylmottak i Sauda, Odda, Stryn og Stavanger. Til saman har desse gitt tilbod om 660 plassar. Altså 840 plassar færre enn det UDI ønsker.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her