Jan Alne har i 20 år vore regiondirektør for Statkraft Vest, som har hovudkontor i Sauda. Nå har han bestemte seg for å gå av som direktør.
– Eg blei 62 år i sommar og har dei to-tre siste åra signalisert at eg da ønsker å gi meg som regiondirektør, opplyser Jan Alne.
Fredag blei dei tilsette ved Statkraft i Sauda informert om at Alne går av, og at Region Vest og Region Øst blir slått saman til ein felles region med ein felles direktør.
Den nye direktøren blir Per Are Hellebust, som i dag arbeider som direktør for Statkraft Region Nord. Hellebust er busett i Oslo.