Høgre trekte seg i protest

Ingen tenkte på å ta med Venstre eller Framstegspartiet i forhandlingane om kontrollutvalet. Opposisjonspartiet Høgre er heilt ute.

– Ingen ideell situasjon. Dette burde vore løyst på ein betre måte, seier Knut Atle Seim, Høgre sin gruppeleiar i kommunestyret.

Høgre var tilbode to plasser i kontrollutvalet, ønska tre, men enda opp med null.

Samarbeidsklimaet i det nye kommunestyret fekk ein noko dårleg start då medlemmane til kontrollutvalet skulle velgast i det konstituerande møtet onsdag.

Senterpartiet hadde på førehand tilbode opposisjonspartiet Høgre to av dei fem plassane i utvalet, inkludert leiarvervet. Høgre meinte at dei, som einaste opposisjonsparti, bør ha fleirtalet i utvalet.

Debattinnlegg og gruppeleiar-diskusjonar førte ikkje fram, verken den eine eller andre vegen. Til slutt foreslo ordførar Birkeland fem kandidatar til utvalet. Ingen av desse var frå partiet Høgre. Forslaget blei vedtatt mot stemma til Høgres Dagfinn Birkeland.

I det nå valde kontrollutvalet har dei tre samarbeidspartia Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti fire av fem plassar. I tillegg har partiet Venstre fått ein plass i utvalet. At Venstre er med, synest Seim er bra.

– Kunne Høgre gått med på at Venstre eller Framstegspartiet var saman med Høgre om eit fleirtal i utvalet?

– Det kunne me heilt klart. Men det tenkte me dessverre aldri på, innrømmer Seim.

Han påpeiker at Høgre gjerne kunne hatt bare éin av plassane i utvalet, dersom dei saman med andre utanforståande parti kunne utgjort eit fleirtal. Han seier at han tviler på at dette kunne gått an, ettersom posisjonspartia då måtte ha gitt frå seg ein plass i utvalet.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her