– Det er og har lenge vore eit prekært behov for ei inspektørstilling ved Austarheim skule. Dette kan ikkje fortsetta. Det er ei umenneskeleg påkjenning for rektor å ha eit så stort arbeidspress, seier Roar Fiveland, hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet Sauda.
Fiveland tok opp temaet under forrige vekes møte i Administrasjonsutvalet. I møtet bad han ettertrykkeleg om at det i referatet skulle bli notert at det er ”eit prekært behov for ei inspektørstilling ved skulen”.
I referatet står det derimot at Utdanningsforbundet påpeika ”for liten ledelsesressurs på Austarheim og viste til behovet for inspektørstilling”. Fiveland føler at bare dette viser at kommuneleiinga ikkje vil ta innover seg problemet.
– Eg synest det er rart at det er tona ned slik i referatet. Eg reagerer også på at ingen av politikarane kommenterte noko då eg tok opp saka, seier Fiveland.
Ifølge han har Utdanningsforbundet og verneombodet ved skulen fleire gonger etterlyst inspektørstillinga, både i møte med den administrative leiinga og i møte med politikarar i Sauda kommune. Han føler dei ikkje får gehør for problemet dei påpeikar.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her