*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TYDELEG STEMME: Dei tre fagorganisasjonane, her representert ved dei hovudstillitvalde Siv Jørgensen (frå venstre), Grete Kaarhus og Oddgeir Eikemo, må sjå endringar frå kommunen for at det skal kome ein turnus for dei tilsette som dei er fornøgd med. (Foto: Even Emberland)

Krev endringar i helsesektoren

Det er stor frustrasjon hos både helsefagarbeidarane og sjukepleiarane i kommunen over turnusordninga. No står dei samla bak krav om endring.

Sauda starta i januar ein omstillingsprosess innanfor helsesektoren der store kutt blei gjort. Mellom anna forsvann seks årsverk i heimetenesta.

No er sjukepleiarane og helsefagarbeidarane redde for pasientane om ikkje kommunen endrar kurs ved neste korsveg, som er i januar. Då skal ein jobbe etter ein ny turnus.

Eitt av dei store stridstemaa er kor ofte helsefagarbeidarane og sjukepleiarane skal jobbe helg i den nye turnusen.

Fagorganisasjonane i Sauda, Norsk Sykepleierforbund (NSF), Fagforbundet og Delta, er tydelege på at kravet til den nye turnusen er at den skal legge opp til helgejobbing kvar tredje helg. Den nye turnusen skal tre i kraft 7. januar.

Likevel har Fagforbundet og Delta godtatt ein midlertidig turnus der ein har akseptert å jobbe fem av tolv helger, fordi dei tilsette då ikkje må jobbe utan gjennomsnittsberekning. Gjennomsnittsberekning er at ein kan jobbe fleire og færre timar enn grensa for alminnelig arbeidstid, så lenge gjennomsnittet i ein gitt periode ikkje er høgare enn lovens grenser for alminnelig arbeidstid.

– Det skal vere heilt klart, ingen av oss kjem til å akseptere ein ny turnus om den ikkje er god nok for begge dei andre gruppene, seier tillitsvald i Delta, helsefagarbeidar Oddgeir Eikemo.

Kommunalsjef helse og omsorg, Aina Olene Tveit, opplyser at den auka helgebelastninga, inntil fire helger meir per år, blei lagt inn i samband med omstillingsprosjektet ein starta i januar.

Ho framhevar også at det ikkje er nytt at ein i helsesektoren jobbar fem av tolv helger istadenfor éi av tre helger, men at det med omstillinga er fleire enn tidlegare som får ein turnus med større helgebelastning.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her