– Nå har skulane og kulturen fått sitt. Nå er det helsevesenet og dei eldre sin tur, seier Asle Rafdal, arbeidarpartipolitikar og varaordførar i Sauda.
Saman med ordførar Asbjørn Birkeland frå Senterpartiet går han i front for å gjera noko med dei store og tomme areala i sjukehusbygget i Åbøbyen.
Sauda kommune kjøpte sjukehusbygget av Helse Fonna i 2011 for 4,1 millionar kroner. Då kjøpet blei gjort blei det snakka varmt om å laga til tolv institusjonsplassar i andre etasjen i bygget og å få til ei ombygging av tredje etasje.
Formannskapet bad den gongen om at det blei løyva to millionar kroner til arbeidet med prosjektering av dei to etasjane. Sidan har lite skjedd i saka.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her