Politiet hadde laserkontroll på Birkelandsmoen tidleg nattestid natt til i dag, laurdag. Ti bilistar blei først kontrollerte, utan at politiet hadde noko å utsetta på kjøringa. Men like før kontrollen skulle avsluttast kom den ferske sjåføren, ei 18 år gammal jente frå Sauda, kjørande. Tenåringen kjørte i 79 kilometer i timen i 50-sona.
– Sjåføren hadde eit førarkort som var mindre enn ei veke gammalt, skriv politiet på twitter.
Politiet skreiv først på twitter at jenta kjørte i heile 97 kilometer i timen. Jenta tok nå i ettermiddag kontakt med Ryfylke og politiet og fortalde at dette ikkje var rett. Politiet stadfestar nå skrivefeilen dei hadde på twittermeldinga si.
– 79 kilometer i timen er det rette, stadfestar operasjonsleiar Håkon Tornes.