*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KREVJANDE: Fylkesveg 520 mellom Hellandsbygd og Ropeid har kravt fem menneskeliv dei siste fem åra. Totalt sidan 1995 har det skjedd 17 alvorlege ulukker på vegstrekninga. (Foto: Even Emberland)

Sjå kart og statistikk: Fylkesvegen som krev liv

Fleire kaller den «Dødsvegen». Bare dei siste fem åra har fem liv gått tapt på Fylkesveg 520 frå Ropeid til Hellandsbygd. Utforkøyring er den vanlegaste ulukka.

Ryfylke har fått utarbeidd statistikk frå Statens vegvesen på alle ulukker der personskadane har blitt kategorisert som alvorlege, meget alvorlege eller med døden til følge på Fylkesveg 520 dei siste 20 åra.

Kartet ovanfor skildrar dei 17 ulukkene med alvorleg skadeomfang i den perioden. I tillegg har det vore mange ulukker med mindre skadeomfang som ikkje er tatt med.

(Artikkelen held fram under bildet)

(Det interaktive kartet er laga på bakgrunn av statistikk og kart frå Statens vegvesen, samt utdrag frå Google Maps.)

Fem av ulukkene gjorde krav på menneskeliv, noko som har gjort at vegen har fått tilnamnet «Dødsvegen» blant fleire når dei snakkar om vegen.

Som einaste innfartsåre til Sauda som er open året rundt, er det naturleg at strekninga har mykje trafikk. Mellom anna difor har Statens vegvesen tidlegare gjort ein strekningsanalyse av vegen for å finne ut kva som kan gjerast for å gjere den tryggare.

Også i dag er Fylkesveg 520 ei strekning dei vil prioritere.

– Me har fått eit mandat frå fylkeskommunen på å komme opp med løysingar og moglege utbetringar. Me fekk fleire innspel frå kommunane då me var på rundtur i Ryfylke i august. Nå skal me summere opp og gå djupare inn i forslaga og sjå kva som er realistisk å gjere, seier seksjonsleiar ved plan- og forvaltningsseksjonen i region vest i Statens vegvesen, Ivar Thorkildsen.

I perioden 2010-2015 opplyser Thorkildsen om at det er brukt omtrent 50 millionar kroner på Fylkesveg 520, mellom anna til rassikring, nye bruer, gang- og sykkelvegar og diverse utbetringar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her