VIL HUSA FLEIRE: Sportellet, som blei bygt på midten av 2000-talet, skal nå brukast som ein av fleire bustader for asylsøkarar frå Syria, Afghanistan, Irak og Eritrea. Bildet er frå ei tak-renovering i 2011. (Arkivfoto)
VIL HUSA FLEIRE: Sportellet, som blei bygt på midten av 2000-talet, skal nå brukast som ein av fleire bustader for asylsøkarar frå Syria, Afghanistan, Irak og Eritrea. Bildet er frå ei tak-renovering i 2011. (Arkivfoto)

UDI seier ja til asylmottak

Hero har fått klarsignal for å busetta 150 asylsøkarar i Sauda.

– Normalt prøver me å busetta asylsøkarane litt etter litt i eit nytt mottak, men nå er situasjonen langt frå normal. Bare i dag, onsdag, kom det 350 flyktningar til Norge. 50 av dei var einslege mindreårige. Det er så mange at me burde ha oppretta to mottak kvar einaste dag, seier Atle Berge, direktør for UDI sitt regionkontor i vest.

Første desember vil dei første asylsøkarane komma til Sauda.

Hero vil etablera eit såkalla desentralisert asylmottak i Sauda – ein mottakstype der flyktningane bur i hus og leiligheter i heile kommunen. UDI meiner Hero sine planar tilfredsstiller krava dei har til ei slik mottaksform. Hero vil etablera 150 mottaksplassar i Sauda, pluss ha 30 ekstra plassar i beredskap.

Berge stadfestar at Sauda sportell i Saudasjøen er ein av stadene som vil brukt som mottak. Sportellet har ti dobbeltrom og ti enkeltrom.

Asylsøkarane som kjem til Sauda vil vera frå Syria, Afghanistan, Irak og Eritrea. 70-75 prosent av flyktningane som kjem til Norge i dag, får innvilga asyl.

UDI og Hero startar nå ein prosess med å få informera og førebu både kommunen og innbyggarane på det nye mottaket. Hero vil også starta arbeidet med å tilsetta folk som skal arbeida på mottaket.

Les meir i papirutgåva fredag.