*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ETABLERER MOTTAK: Utviklingsdirektør i Hero, Kjartan Dirdal, trur dei 150 mottaksplassane i Sauda vil bli fullt opp temmeleg raskt etter 1. desember. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Asylsøkarar kjem til Sauda i desember

UDI har gitt klarsignal, og Hero har alt hundre mottaksplassar på hand.

– Me har fått mange henvendelsar, både frå saudabuar og frå andre folk som eig bustader i Sauda. Planen nå er å bruka sportellet i Saudasjøen og elles basera resten av mottaksplassane på hus og leiligheter rundt om i heile Sauda, seier utviklingsdirektør i Hero, Kjartan Dirdal.

Sportellet har i dag ti dobbeltrom og ti enkeltrom. Dirdal avkreftar at Hero planlegger å ta i bruk Grand Hotel og Birkeland skule som mottaksplassar, noko det har versert rykte om i Sauda den siste tida.

Denne veka blei det nemleg klart at Utlendingsdirektoratet (UDI) har bestemt seg for å godkjenna driftsselskapet Hero sine planar om å etablera eit asylmottak i Sauda.

Planen til Hero er at det her blir starta opp eit såkalla desentralisert asylmottak – ein mottakstype der flyktningane bur i hus og leiligheter i heile kommunen.

UDI meiner Hero sine planar tilfredsstiller krava dei har til ei slik mottaksform. Hero vil etablera 150 mottaksplassar i Sauda, pluss ha 30 ekstra plasser i beredskap.

Asylsøkarane som kjem til Sauda vil vera frå Syria, Afghanistan, Irak og Eritrea. 70-75 prosent av flyktningane som kjem til Norge i dag, får innvilga asyl. Alt om fem veker, rundt 1. desember, vil dei første asylsøkarane komma til Sauda.

– Normalt prøver me å busetta asylsøkarane litt etter litt i eit nytt mottak, men nå er situasjonen langt frå normal. Bare onsdag denne veka kom det 350 flyktningar til Norge. 50 av dei var einslege mindreårige. Det er så mange at me burde ha oppretta to mottak kvar einaste dag, seier Atle Berge, direktør for UDI sitt regionkontor vest.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her