*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
VIL IKKJE ARRANGERE FJELLRENNET: Langrennsgruppa i Sauda Idrettslag blei på styremøtet sist tysdag einige om at dei ikkje vil vere arrangementansvarlege for Fjellrennet denne sesongen. (Arkivfoto: Tore Bastlien Dahl)

Seier nei til Fjellrennet

Langrennsgruppa vil ikkje arrangere Fjellrennet. Nå ser Ivar Øvrebø mørkt på løpets framtid.

Tysdag denne veka hadde langrennsgruppa i Sauda Idrettslag styremøte. Eitt av punkta på sakslista var Eramet BIL sitt spørsmål om idrettslaget kan ta over ansvaret for Fjellrennet.

– På møtet bestemte me at me ikkje vil arrangere Fjellrennet. Det var det eigentleg full einigheit om. Det passar dårleg for oss med eit så stort arrangement midt i påska, for mange er det ei av få frihelger om vinteren, og folk i gruppa må få lov til å ha fri, seier leiaren i langrennsgruppa, Kjetil Rasmussen.

Samstundes er Rasmussen tydeleg på at dei gjerne vil hjelpe om nokon andre er interesserte i å ta arrangøransvaret for rennet.

– Me kan fint ta oss av delar av arrangementet, men me vil ikkje ha ansvar for løypa og logistikken. Det er både kostbart og for omfattande for oss. Det er synd, for det er eit bra arrangement som har vore veldig populært dei siste åra, men me har ikkje kapasitet til det, forklarer Rasmussen.

Ivar Øvrebø har vore rennets drivande kraft dei siste åra.

Nestleiaren i Eramet bedriftsidrettslag har stor forståing for at langrennsgruppa seier nei til å overta arrangementet, sjølv om det gjer framtida til rennet i beste fall svært uviss.

– Nå ser eg eigentleg ganske svart på Fjellrennets framtid. Det er ingen andre som har vist interesse for å ta over, og då blir det vanskeleg å få til eit renn denne påska. Eg ser ingen anna løysing enn å legge ned Fjellrennet. Det er trist, særleg nå som det har fått ein stor oppsving og mange har likt dei siste utgåvene, men sånn er det, forklarer Øvrebø.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her