– Det er ikkje så god stemning her nå. Me ser ingen håp om noko lysning på lang tid. Fleire store kundar har ikkje arbeid neste år, så 2016 blir eit tungt år, seier fabrikksjef Steinar Enlid.
Nedgangen i norske oljeinvesteringar held fram med å påverka oljeserviceindustrien i Sauda.
I sommar måtte Bartec Technor si avdeling i Sauda permittera ni av sine 37 tilsette. Åtte av desse er framleis permitterte. Den niande er for tida midlertidig i arbeid.
Denne veka måtte leiinga informera dei tilsette om at ytterlegare permitteringar må til i løpet av hausten.
– Både avdelinga i Sauda og i Stavanger må permittera. Men det ligg an til at det er Sauda som blir mest ramma, seier Enlid.
Noko konkret tal er foreløpig ikkje bestemt, men fabrikksjefen trur det kan dreia seg om totalt fem tilsette i dei to kommunane.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her