*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
INNOVER HER: Vegard Birkeland Rød ønsker å starte prøvedrift i fjellveggen ovanfor garden sin i Maldal. Om det går bra og kvaliteten er god, satsar han på drift vidare langs veggen. (Foto: Even Emberland)

Nysatsing i Maldal

Går det som Vegard Birkeland Rød håper, vil drifta kunne gi arbeidsplassar, inntekter til kommunen og eit lokalt tilbod til entreprenørane.

I Maldal ønsker Vegard Birkeland Rød å starte prøvedrift for uttak av naturstein på eigedomen sin. Om det ordnar seg og prøvedrifta går bra, ser han for seg å starte reell drift og gå inn på marknaden der han vil rette seg mot entreprenørar.

– Det er veldig spanande, men det er ein grunn til at eg i første omgang søker om prøvedrift. Det er veldig mykje som er usikkert rundt det akkurat nå, og sjølv ser eg på det som at det er på prøve-prøvestadiet, seier Rød.

Mellom anna er området han vil legge prøvedrifta til eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Reguleringsplanen for området inkluderer ikkje drift med uttak av naturstein. Difor må han søke dispensasjon fra reguleringsplanen for å i det heile tatt starte prøvedrifta.

I den eventuelle prøvedrifta vil han få svar på om fjellveggen nokre hundre meter ovanfor garden hans er eigna for uttak av naturstein. Det vil vere avgjerande for framtidsplanane om drift at kvaliteten er god nok.

– Eg trur det skal gå bra, eg er forsiktig optimist. Om fjellkvaliteten ikkje er god nok, er det greitt at det er prøvedrift, for då er det ikkje noko poeng i å søke om skikkeleg drift, forklarer Rød, som har fleire års jobberfaring frå anleggsbransjen før han kjøpte garden i Maldal.

Om prøvedrifta gir svara han ønsker, håper Rød at uttaket hans både kan sikre kommunen inntekter og gi dei entreprenørane i området eit lokalt alternativ som gjer at dei slepp å reise til Hjelmeland eller andre stader for å kjøpe og hente naturstein.

Han ser også for seg å tilsette éin-to arbeidarar for at det krevande uttaksarbeidet ikkje skal gå for seint.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her