*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KRITISK 30-SONE: Politiet har fått fleire meldingar om at fartsgrensa i Åbøbyen blir brutt. Torsdag hadde dei kontroll, og to førarkort blei beslaglagt. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

To mista førarkortet i Åbøbyen

Største fart som blei registrert i 30-sona var 63 kilometer i timen.

To førarkort blei beslaglagt og 15 forenkla førelegg gitt då politiet torsdag morgon hadde laserkontroll i 30-sona i Åbøbyen.

– Det er heilt klart ei utfordrande strekning med tanke på fart. Talet på antal førelegg og førarkort beslaglagt er altfor høgt med tanke på kva me håper på. Me ønsker at folk skal halde seg innanfor fartsgrensene, både på denne strekninga og elles, seier lensmann i Sauda, Siri Fisketjøn Indrebø.

Totalt blei 73 trafikantar kontrollerte, og den største farta som blei registrert hos eit køyretøy var 63 kilometer i timen.

Kontrollen blei avslutta rundt klokka ni, etter at politiet starta opp frå morgonen av, opplyser Indrebø.

– Me har fått inn ein del meldingar på at fartsgrensa blir brote i Åbøbyen. Det er mange gåande og syklande langs vegen i tillegg til dei som køyrer, så det er eit området det er viktig for oss at skal vere så trygt som mogleg, seier Indrebø.

Fartskontrollen er den andre politiet i Sauda har hatt denne veka. På dagtid på tysdag var dei på Birkeland i 50-sona. Der blei det skrive ut fire forenkla førelegg etter at 30 trafikantar blei kontrollerte, og største fart målt på eit køyretøy var 66 kilometer i timen.