– Me har lagt inn eit bod, og har ikkje meir å fortella før me veit om me får kjøpa bygget, seier Gro Johanne Lofthus, styreleiar i AS Forskaling.
AS Forskaling tilbyr Sauda kommune 500 000 kroner for nedlagte Birkeland skule. Bodet gjeld det gule trebygget og det blå murbygget som fungerte som Birkeland skule fram til våren 2009.
Saka skal opp til eventuell godkjenning i formannskapet onsdag i neste veke.
Rådmann Wictor Juul rådar politikarane til å godkjenna bodet frå AS Forskaling. Då Birkeland skule blei lagt ut for sal i desember i fjor var prisantydninga sett til 2,1 millionar kroner.
Det har vore laber interesse for skulebygget og tomta. Tidlegare har ein privat aktør vore på banen, men vedkommande fekk trøbbel med finansieringa.
Birkeland skule har stått tom sidan dei siste elevane tok sommarferie våren 2009. Etter dette har det nær 90 år gamle bygget blitt brukt på ettermiddags- og kveldstid av kulturskulen og lokale lag og foreiningar.
I januar i år blei det klart at skulebygget har så store radonverdiar at det ikkje lenger er helsemessig forsvarleg å bruka bygget. Det blir sagt at ein eventuell kjøpar har valet mellom å setta i verk radonreduserande tiltak som grunnventilering, tetting og ventilasjon eller å riva heile bygget og starta på nytt.
– Det er kanskje meir nærliggande at me går for riving, innrømmer styreleiar Lofthus.
Ho presiserer igjen at ingenting er avgjort når det gjeld AS Forskaling sine mulege planar for eigedommen.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her