Hundre vil jobba på asylmottaket

Formidabel interesse for Hero-stillingane, etter bare ei dryg vekes utlysning.

– Me er kjempegodt fornøgd med søkartalet i Sauda. At nær hundre personar har søkt på stillingane etter så kort utlysningstid er veldig bra, seier Kjartan Dirdal, utviklingsdirektør i Hero Norge.

Hero treng fleire tilsette som skal drifta mottaket og driftsselskapet sitt arbeid i Sauda. Stillingane har vore lyst ut ei dryg veke. Søndag gjekk søknadsfristen ut.

Hero treng ein mottaksleiar og personar med pedagogisk, barnefagleg og økonomisk utdanning. I tillegg vil dei tilsetta ein miljøarbeidar og ein vaktmeister. Rundt hundre personar ligg nå i søkarbunka.

– Det er mellom ti og femten søkarar på fagstillingane som krev høgare utdanning. Resten er spreidd på stillingane der me ikkje stiller same krav til høgare utdanning, seier Dirdal.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her