Siste dag som direktør

Fredag forlot Jan Alne direktørstolen i Sauda. Han har stor tru på Statkraft si framtid i Sauda.

I går vart Statkraft Vest og Statkraft Øst samla til eitt felles rike. Jan Alne har rydda hjørnekontoret i Statkraftbygget i Sauda for å fortsette karriera i Oslo.

Men han bekymrar seg ikkje for framtida til Statkraft i Sauda, sjølv om Statkraft skal vurdere om delar av drifta til Sauda og Dalen skal samlokaliserast.

– Statkraft vil ha mange arbeidsplassar i Sauda i eit langt perspektiv, meiner Alne.

Men etter 20 år i jobben som regiondirektør for Statkraft Vest er 62 år gamle Alne klar for å trappe ned. Det har han planlagt i tre år.

– Nå skal eg gjere noko eg har hatt lyst til lenge. Eg skal jobbe med regulatoriske forhold for Statkraft på heiltid. Me har ei rekke utfordringar nå som trugar produksjonsgrunnlaget vårt i tida framover, frå nasjonale vilkårsrevisjonar til ymse EU-direktiv, seier Alne.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her