Sparebankstiftelsen Sauda har støtta lag og organisasjonar. Nå har dei opna opp for å satse enkeltpersonar gjennom ungdomsstipend.
Onsdag fekk tre lokale idrettstalent totalt 100 000 kroner. Langrennsløparen Sondre Handeland fekk 50 000 kroner.
– Dette er til stor hjelp. Pengane vil gå til reiser og idrettsutstyr, opplyste Handeland etter å ha mottatt stipendet av sparebankstiftelsens leiar, Sivert Sørnes.
23 år gamle Sondre Handeland har nå sett resten av studiane på vent for å gjere eit heilhjarta forsøk på å nå langrennstoppen. Nå satsar han på idretten på fulltid.
I tillegg får to talentfulle fotballspelarar 25 000 kroner kvar. 18 år gamle Tobias Rød, også frå Sauda, speler i dag for sportsklubben Vard i 3. divisjon.
Alt som 14-åring pendla han til Haugesund for å spele for Djerv 1919. Tobias Rød er son til A-lagstrenar Johannes Rød.
Ingvald Sandvik Halgunset frå Suldal fekk også 25 000 kroner i stipend. Halgunset har kontrakt med FK Vidar som speler i 2. divisjon. Laget har som ambisjon å rykke opp til 1. divisjon og suldølen håper han ein dag kan leve som profesjonell fotballspelar.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her