Vann samarbeidsprisen

Fløgstad skule markerte seg nok ein gong i First Lego League-konkurransen.

– Det var så kjekt som me hadde førestilt oss. Nå håpar me at me har lagt grunnlaget for at også dei elevane som kjem etter oss får delta i konkurransen, seier tolv år gamle Rebekka Ringstrand.

Ho og klassen var svært skuffa då skuleleiinga tidleg i haust bestemte seg å droppa årets Lego League-deltaking grunna manglande ressursar. Foreldre-engasjement og velvillige samarbeidspartnarar førte til ei heilomvending i saka.

Laurdag morgon reiste dei 18 sjuandeklassingane ved Fløgstad skule til Haugesund for å delta i First Lego League-konkurransen. Då konkurransen var over hadde saudaskulen sikra seg samarbeidsprisen, ein andreplass i forsking, ein topp-tre-plassering i marknadsføring og og ein sjetteplass i robotkonkurransen. I tillegg var laget frå Sauda blant dei fem av 15 som blei nominert til champions – altså beste lag totalt.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her