I takt med at internettbruken aukar dag for dag er det eit stort behov for å etablere nye datasenter som kan lagre data i store mengder.
– I Ryfylke-kommunane ligg svært mykje til rette for å etablere slike datasenter, opplyser varaordførar Asle Rafdal og kommunalsjef Andreas Fløgstad.
Men det er ein vesentleg ting som manglar. Norge treng bedre internettforbindelse til Europa. Sør-Vestlandet har ein gylden mulegheit til å få ein fiberkabel over til England i samband med den nye straumkabelen som skal leggast til England.
– Fiberkabelen vil bli halvparten så dyr dersom den blir lagt saman med straumkabelen, opplyser Asle Rafdal.
Ryfylke-kommunane jobbar derfor saman for å få realisert denne datakabelen, som saman med straumkabel i NSN-prosjektet er kostnadsrekna til 195-210 millionar kroner. Åleine ville ein slik 730 kilometer lang kabel mellom Norge og England ha kosta 364 millionar kroner.
Å legge datakabelen saman med straumkabelen vil med andre ord spare prosjektet for heile 155 millionar kroner.
Store internettbaserte aktørar som Facebook og Google treng stadig ny kapasitet for å ta unna den auka datatrafikken.
– Kvar 18 månad blir datatrafikken i verda dobla. Innan 2020 treng Europa 200 nye datasenter, og då snakkar me om dei store datasentra, seier Andreas Fløgstad.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her