*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
MEIR HANDEL: Ragnar Fosstveit og andre saudabuar vil oppleva fleire med-kundar i butikkane i tida framover. Asylsøkarane vil truleg handla mat og daglegvarer for rundt fire millionar kroner i året. (Illustrasjonsfoto: Even Emberland)

Vil auke daglegvarehandelen

Asylsøkarane vil årleg handla for mellom 3,5 og 4,5 millionar kroner i Sauda.

– Me reknar med at 150 asylsøkarar vil handla daglegvarer for til saman 300 000–350 000 kroner i månaden. Talet vil variera litt med tanke på kor mange barnefamiliar det er, seier mottakskoordinator i Hero, Anpu Mahesan.

Gangar ein dette med tolv månader i året, landar ein på 3,5-4,5 millionar kroner.

Ein einsleg asylsøkar får utbetalt 1 470 kroner kvar fjortande dag, og har såleis 2 940 kroner å rutta med i månaden. Dette er pengar som asylsøkarane skal bruka på mat, andre hushaldningsartiklar og klede. Ektepar får litt mindre, ettersom dei deler på utgiftene. Eit ektepar får derfor utbetalt inntil 4 940 kroner i månaden.

Barn 0-5 år får inntil 1 440 kroner, medan barn 6-10 år får inntil 1 930 kroner i månaden. Asylsøkar-barn mellom 11 og 17 år får 2 450 kroner i månaden. Barn som er over 18 år og framleis bur i kjernefamilien sin, får utbetalt 2 020 kroner per månad. Dersom ein asylsøkar er einsleg forsørgar, får vedkommande eit tilleggsbeløp på 860 kroner i månaden.

Skulle alle dei 150 asylsøkarane som kjem til Sauda vera einslege, vil dei truleg handla for godt over fem millionar kroner i året.

– Vanlegvis pleier rundt ein tredel av asylsøkarane i eit mottak vera barnefamiliar, opplyser Gunn Helen Søfting, rådgivar i UDI.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her