– Det er 25 år med 25 cupar. Kven skulle trudd det, då me starta opp i 1991, seier Roy Nordhagen, som har vore primus motor for den årlege Salemscupen i alle år.
Nokre år før dette hadde han starta opp fotball- og volleyballtreningar i Saudahallen for ungdommar i bygda.
– Me fekk tildelt den minst attraktive treningstida i heile veka, nemleg fredagskvelden. Men så viste det seg at dette var heilt perfekt for ungdommane, fortel Nordhagen.
I 1991 blei Salemscupen arrangert for første gong. I dag, 25 år seinare, er cupen eit av saudaungdommane sitt desidert mest samlande arrangement i løpet av året. Cupen trekker også stadig fleire eldre spelarar, som også finn cupen sportsleg interessant.
Også i år trekte Salemscupen fullt hus i Saudahallen i nær tretten timar laurdag og natt til søndag. Salem har registrert 450 personar i hallen i løpet av arrangementet.
– Det var fin stemning i hallen, og me er veldig stolte over at me ikkje har registrert eit einaste tilfelle av rus, seier Nordhagen.
Med 450 personar i hallen, er årets salemscup blant dei fem best besøkte salemscupane opp gjennom åra.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her